lørdag 12. mai 2012

Nytt hus


På torsdag overtok me huset, dvs halvparten av ein tomansbolig på Rasta på Lørenskog. Ein flott opplevelse å stå der med nøkkelen i hånda og min kjære:)

Me skal pussa litt opp før me flytte inn i starten av juni. Torsdag og fredag blei brukt til å rive brystningspanel, og parketten på golvet. Når eg kom heim på fredag hadde me fått ny do på gjestetoalettet, godt med ein som ordne opp:) I dag har me vore på diverse trevare butikkar, og no har me båre inn både eike parket og skygge plater i eggekvit til å ha på veggene til å ha i stova.
20 liter maling i fargen skumring blei og med heim, så me håpe at dei 4 soveromma, 2 gongar og ett bad skal få seg ett strøk iløpet av det neste året. Min kjære har komt på den geniale ideen at me skal gjenbruka noken av dei profilerte listene me har reve ned i stova, på noken av soveromma nede kor me mangle liste, så då kan kansje "listebudsjettet" på 20 000 reduserast noko, og me får litt mindre å kjøra til fyllinga.

No har me satt oss ned og skal skal slappa av, i mårå er det tømming av leilighet på programmet.

Ha ei forsatt fin helg!


2 kommentarer: