mandag 23. juli 2012

Gode drikker

Hylleblomstsaft
Blir laga av blomster kvite blomster frå hylle treet.
Farmor pleie å laga denne safta og den er veldig god og skal hjelpa mot det mesta (forkjølelsessjukdommar med feber også forebyggande, bra mot influensa, hoste, bronkitt besvær, høysnue, betente mandler, svettedrivende, isjas, stoffskiftesykdommer og neuralgier)
Safta fins og på IKEA, men det er ein veldig dårlig kopi.
Hylleblomstsafta er og veldig god til te.



Peppermynte te
Når me var på Haaheim gard i fjord fekk me peppermynte te med peppermynteblad frå hagen.
På Moster veks peppermynte vilt nede med sjøen. Lillesøster har tatt med heim ein avleggar og planta i krukke, så no kan me drikka det både her og der. Eg har kjøpt ei peppermynteplante og planta i samen med gressløken. Det er ikkje så mange blad på den enda, men den er blitt litt større sidan eg kjøpte den. Planta tåler det meste.



Peppermynte er blant anna bra for fordøyelsesplager, hodepine og muskesmerter.
For dei som pleie å ha sukker i teen, har peppermynten så god egensmak at det ikkje er nødvendig.

Ha ein fin mandag og du jobbar eller har ferie 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar