onsdag 26. september 2012

Halvfine rundstykker med aprikos og rosiner

 
Sist lørdag hadde eg bakebesøk, noko som absolutt kan anbefalast. Det er kjekt og baka, og enda kjekkare samen med noken og det er veldig godt med bakverk, enten ovnsvarmt, eller ta opp frå frysen til lunch. 
 
Til halvfine rundstykke trenge du dette:
2 ss smør
3,5 dl skumma melk
30 gr gjer
1/2 ts salt
125 gr samalt kveite
375 gr kveitemjøl
1/2 pk aprikos delt i 4
1 hånd rosiner
 
Smelt margarinen og ha i melka og varm opp til 37 grader. Smuldra gjæren i ei bolle, ha så i veska og bland godt. (Dersom du bruke tørrgjer, ha det oppi det tørre). Ta alt det tørre i litt etter litt. Hev deigen.
Lag rundstykker med hendene og ha oppi muffinsformer.
 
Steik på 240 grader i 15-20 minutt.
 
Er så gode i seg sjølv, at ein ikkje trenge pålegg på:)
 
I tillegg til rundstykke laga me ein deig av grovbakst og kveitemjøl. Av den blei det horn og pizzaboller.
Pizza bollene er laga med ferdig pizza saus frå rema 1000 på eine halvparten og pesto på den den andre halvparten. Raspa skinke og ost oppå begge fylla, kjempegode!

2 kommentarer: