torsdag 21. februar 2013

Hjerte kaka

 Ei kaka smake ekstra godt når den er forma som eit hjerta, laga med ein hjertevenn,  spist med ein hjertevenn og er litt bedre for hjerta enn andre kaker.
 
Sjokoladekake med lime
Til ei 24 cm form trenge du dette
3 egg og 2 dl sukker som vispes til eggedosis
1 dl mjøl, 1 ts bakepulver, 4 ss kakaopulver, 2 ts vaniljesukker, 1 ts salt blanda samen
250 gram vaniljekesam og safta av ein lime
 
Start med eggedosisen, tilsett det tørre, og til slutt kesamen og lime.
Steik på 200 grader i 20-25 minutt.  
 
Eg brukte oboy istadenfor kako derfor er mi kake litt lys.
Neste gong blir det kakao, litt mindre sukker og kansje fint samalt mjøl i stadenfor kveitemjøl.
 
Kaka blei både frisk og saftig:)
 
 
 
Heime hos oss er det kvite blomster på bordet, til minne om ein bestefar som ikkje er blant oss lenger. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar