lørdag 23. mars 2013

Vaniljeboller og pizzasnurrar

I dag har me bakt:)
56 vaniljeboller og 60 pizza snurra.
 
Vaniljeboller er boller med vaniljekrem inni. Eg har brukt denne bolleoppskrifta, og 3 kartongar ferdig vaniljekrem. Eg trilla ut deigen, skar ut ruter på 6*6 cm. Hadde 1 ss vaniljekrem i midten og bretta deigen rund og la bollene oppi muffinsformer med den fine sida opp.
 
 
1/2 parten av pizzabollene er med pesto, skinke og ost, andre halvparten med tomatsaus, skinke og ost.
 
Vaniljebollene skal me ha til kaffien i bryllupet og pizzasnurrane på restefesten dagen etter.
Vaniljebollene blei så gode at me har åte fleire, og me skal servera det i kveld, så me må laga ein til porsjon:)


2 kommentarer:

  1. så flink du er! Eg blir imponert! Det beste eg veit er heimelaga gjærbakst!! (men eg hadde ikkje hatt fryseboks til alt!)

    SvarSlett
    Svar
    1. Dei blei veldig gode:) Me kjøpte fryseboks når me kjøpte hus, har vore lite i den lenge, men kjekt å ha muligheten til å frysa ned litt større mengder. Ha ein fin påske!

      Slett