mandag 31. mars 2014

Dress med saueknappar

 
Endelig var dressen til lillegutt ferdig, eg har brukt ikkje mindre enn 6 mnd på den:)
Dressen er i størrelse 1 år og blir fin å bruke til hausten og vinteren.
Dressen er strikka i sandnes mini alpakka, oppskrifta er henta frå Lanett heftet.

 
 Saueknappar
 
 
Det er litt rart å tenka på at lillegutt skal bli så stor at han kan bruka denne dressen.
På bilde er ein dress han bruke no. Men forsette han å veksa like masse som han har gjort den siste mnd (3 cm) blir det ikkje lenge til:)
 


søndag 23. mars 2014

Barnedåp og glutenfri og laktosefri snopekaka.

 Sist søndag hadde me barnedåp. Samme prest som via oss, døypte lillegutt. Familien deltok med lesing, bønner, lystenning og song under gudstjenesten. Dagen blei feira på Thon hotell Triaden.
Temaet var bilar, og dei samme bilane gjekk igjenn på bordkort og invitasjor. Serviettane hadde og bilar. Til "middag" var det smørbrød.
Og så hadde me kaker, sjokoladekaka, boller, snopekaka og marsipankaka. Med 15 gjester (inkludert 2 babyar var det nok kaker;)).
 Gluten og laktosefri snopekaka
Til ei 26 cm kakeform trenge du dette:
6 eggekviter, 375 gram melis, 1 ts fin glutenfri mjølblanding, 3 ts bakepulver, 150 gram grovhakka mandlar og 150 gram grovhakka peanøtter.
 
Stivpisk eggekviter og melis (eg var litt bekymra i starten for at det ikkje skulle bli stivt. Men det blei stivt, det tok berre litt lenger tid enn når ein piske kviter uten melis;))
 
Steik i rund smurt form i 40 minutt på 175 grader.
Avkjøl
 
Smelt 150 gram økologisk sjokolade i vannbad (eller anna sjokolade uten laktose) og ha det oppå kaka. Avkjøl.
 
Lag gul krem av 6 eggeplommer, 100 gram sukker og 2 dl laktosefri kremfløyte.
Rør alle ingrediensane samen og kok i 2-3 minutt (blandinga skal tjukne).
Rør inn 100 gram smør uten melk når kremen er ferdig og koka.
 
Ha den gule kremen oppå sjokoladen, sett kaka kaldt.
 
Før servering piskes 3 dl laktosefri kremfløyte og has oppå kaka. På toppen skal ein ha friske bær.
Kaka blir ekstra fin om ein har fløyten i sprutepose og ein pynte den slik som Triaden hotell gjorde for oss.

Marsipankaka med bilde av lillegutt, navn og datoen han blei født.
 
Ein kjekk dag!
Ps. Triaden hotell kan anbefalast.
 

fredag 14. mars 2014

Søtpotet i ulike variantar

 Søtpotet er ein ny favoritt grønnsak for dei vaksne i huset. I selskap med persillerot, almodi poteter  og koteletter gir det ein kjempegod søndagsmiddag. Søtpoteta har samme farge som gullerot, men er mykje søtare i smak.
 Junior i huset har begynt med graut og ulike typar mos. Favoritten er pære mos og sviskemos. Eg tenkte søtpotetmos måtte falla i smak sidan det er så søtt, men der tok eg feil. Eg har laga sju porsjonar som skal frysast, håpar det felle bedre i smak neste gong;) Eg lagar barnematen sjølv og fryse i små boksar frå Jernia eller små glas som eg har kjøpt barnemat i frå butikken.
Det er godt at det blir lenger og lenger lyst om ettermiddagen og at me fleire dagar denne veka har sett sola. Me innvia våren med nye puter, gardiner og lampar i stova. På søndag skal lillegutt døypa seg. Me gledar oss til den store dagen og familie besøk frå vestladet i helga.

lørdag 8. mars 2014

Bursdag og bryllupskort



 
 
Me trengte 3 kort, og eg laga dei du ser bilde av over.
Etter å ha rydda i korttinga, var det ekstra kjekt, for eg fant veldig fort det eg trengte:)
Han som fekk kortet det står 63 på blei ekstra glad, for han blei 64;) (frå no av skal eg skriva inn årstallet folk er født i bursdags kalenderen, og ikkje stola på husken:))
 
I formiddag kikka sola fram, og me var ute å gjekk på tur rundt Langvann.
Kjekt og gå tur og godt å sjå sola. Etterpå var me på TapasTapas å åt lunch.
 
Ha ei fortsatt fin helg!

søndag 2. mars 2014

Elgfile med blåbærsmørsaus, ovnssteikt persillerot og urtegårdspoteter

Denne retten var ikkje vanskelig å laga, tok ikkje veldig lang tid (45 min), men var veldig god:)
 
Kjøttet
Heilsteik fileten i smør i varm panne til den har fått steikeskorpe.
Sett kjøttet i steikeovnen til det har fått ønska kjernetemperatur.
 
Saus:
1.5 dl sukker, 0,75 dl balsamicoeddik, 1 dl rødvin, 1/2 terning kjøttbuljong, 2 dl blåbær, litt maisenna til jevning og 50 gram romtemperert smør.
 
Bland alle ingrediensane utenom smør. La det koke i 10 minutt.
Press bæra mot kanten av kjelen slik at safta renne ut.
Sil sausen, bland inn maisenna med litt kald vatn og før det inn i sausen.
Kok opp og tilsett smøret.
 
Ovnsbakt persillerot
3 persilleroter, 2 ss olje, 1 ts salt, 1 ts sennep
 
Bland alle ingrediensane til marinaden og hell over rotstavane. Steik i ovn ved 200 grader i 15-20 minutt.
 
Urtegårdspoteter
Skrell poteter og skjer i bitar
Kok
Mos
Tilsett kvitløk, smelta smør, persille, salt og pepper
 
Oppskrifta er henta frå kokeboka Elg & co

 
 
Ha ei fin veka:)