mandag 19. januar 2015

Farmors snippa

Når eg var liten og var på besøk hos farmor og farfar serverte alltid farmor snippa. Hennas snippa var mindre og meir sirlige enn mine, men ein ting har mine og hennas til felles, dei er veldig gode.

Av denne deigen fekk eg 16 snippa:
 100 gram smelta smør
1/2 liter melk oppvarm til 37 grader.
 50 gram gjær (tørr), 100 gram sukker, 500 gram grov kveite, 400 gram kveitemjøl og 1 ts salt.
Bland det våte og det tørre og elt godt i kjøkkenmaskin eller for hånd.

Del deigen i to, trill deigen til ei pølse og press den flat, skjær på skrå sånn at det blir trekantar.
Steik 8-10 miutt på 250 grader, avkjøl på rist.

Det smakar godt med både salt og søtt pålegg på snippane, når dei er lunka trenge ein ikke pålegg, då er dei kjempegode uten noko på.

1 kommentar: