onsdag 25. november 2009

Adventskalendera

Eg har laga fira pakkeadventskalendara i år. Her er noken av pakkane, men ikkje alle 96. Eg kan ikkje røpa ka som er inni pakkane enda, for noken av dei som skal få, følge med på bloggen min. Men trenge du noken tips kan du sjå ka pakkane inneholdt i fjord. Eg startar tidlig å kjøpa inn småting, så då er hovedjobben å pakka inn, når desember nerme seg. Eg håpar desse adventskalendarane kan vara til glede og ein oppmuntring for dei som får dei. Eg pleie å gi til lille søster og lille bror, men i år har eg gitt til to søskenbarn av meg og, som eg syns trenge ein ekstra oppmuntring for faren deiras er veldig sjuk.

Og eg er så heldig å ha fått ein pakkekalender og ein sjokoladekalender, så no er det berre å gleda seg til 1 desember.

Ha ein fin kveld!

2 kommentarer:

  1. koselig innlegg :) kalenderen vart levert igår. No er eg vel heime etter å ha besøkt bestefar og ei kollega på Stord. Karen Oline har ikkje kvilt skikkeleg - men no sovna ho endeleg i bilen! god kveld!

    SvarSlett
  2. Duuuu, så snill du er, Oddbjørg! De kommer til å bli kjempeglad for disse kalenderne. Det hadde i hvert fall jeg blitt;)
    Fikk du forresten invitasjonen i posten i dag?
    Klemmer fra meg!

    SvarSlett