onsdag 26. mai 2010

Matmuffins og havrekake

Nam, matmuffins. Eg fant oppskrifta på disse i påskenummeret av bladet Familien. Eg har lenge hatt lyst å laga dei, og når barndomsvenninda mi Ragnhild kom på besøk, brukte eg anledningen
Dette trenge du:
1 liten purre (eg brukte vårløk)
1 liten boks maiskorn
1 pk smårettbacon eller skinke (200 gr ferdig oppskåre)
4 egg
1 beger lettrømme el lett creme fraiche eller kefir
1 ss smelta smør (eg brukte olja)
4,5 dl kveitemjøl (eg brukte 2,5 dl grovbaks, 2 dl kveitemjøl)
1 drøy ts bakepulver
1 ts natron
litt salt
  • Forvarm steikeovnen til 200 gr. Finn fram muffinsformene
  • Rens og splitt purren. Skyll den godt under rennande, kaldt vatn. Rist av vatnet og finsnit. La maiskorna renna godt av.
  • Vist egga samen med lettrømmen og det smelta smøret eller olja. Tilsett purren, mais og oppskåren bacon eller skinka.
  • Bland mjøl med bakepulver, natron og litt salt. Sikt dette i eggeblandingen. Bland lett, men godte med, til ein har rørt ut alle mjølklumpane
  • Fyll muffinsformene 3/4 full røre. Sett dei på eit brett og ha det i forvarma ovn. Steik muffinsa i ca 20-25 min, til dei er gylne. Avkjøl på rist.

Kan anbefalast.

Havrekake

Når eg stod opp i går stod dette på bordet. Godt, sunt, fint laga til og veldig snilt av Ragnhild. Dette er ein havregraut rest som er steikt som kaker med sesamfrø på. Godt med jordbær til eller syltetøy.

Oppi havregrauten hadde me solsikkefrø og linfrø. Og oppå hadde me det samme, cottage chees og heimelaga bringebærsyltetøy.

Det har vore veldig kjekt med besøk, og me har gjort mykje kjekt. Det komme litt bilder etter kvart.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar