fredag 10. august 2012

Spisebord og hjerta

 Endeleg er me ferdige med å mala spistebordet. Med 3 lag, tar det sin tid, iallefall med 6 stolar.
Eg syns det blei veldig fint.
 Stolputer frå IKEA.
 Det er fleire fordelar med å bu i boretslag, ein av dei, er at dei passar på at det utvendige blir vedlikeholdt/skifta ut med jevne mellomrom. I går fekk me ny utedør. Velkommenskiltet har eg kjøpt på nille. Lyslykta på Jernia. Kansje me trenge ei ny dørmatta og?

For fleire år sidan, fant eg eit hjerta i grøn streng utenfor ein blomsterbutikk på Majorstua. Eg har fleire gongar stått med det i hånda og vurdert og hiva det, men det er eg glad eg ikkje har gjort no. Ser fleire pyntar med hjerter utenfor husa. Eg har tatt tynn streng på kryss og tvers over hjerta, og ein streng rundt kantan til slutt. Blomstrane og sommerfuglane har eg kjøpt på nille. Hadde tenkt og festa dei med streng, men det gjekk ikkje så bra, så har brukt limpikstol. Limpikstol fungere bra, men kan bli litt vanskeligare å skifta ut pynten viss ein vil det.


I kveld er uteplassen olja. Me har kosa oss med pannekaker med blåbærsyltetøy, frå blåbær turen i går og no er det berre å finne fram strikketøyet og kjenna på den gode fredagsfølelsen.


Ha ei fin helg!

1 kommentar: