fredag 30. november 2012

Serinakaker

 Sist helg hadde me besøk av mamma og på søndagen baka me serinakaker.
 
Du trenge:
150 gr meierismør
250 gr kveitemjøl
2 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
100 gr sukker
1 egg
 
Rør smør og sukker kvitt, tilsett det tørre og til slutt sammenvispa egg. Arbeid deigen godt og lag ei pølse som sett kaldt i ein time (me pakka det inn og hadde det ute). Skjær pølsene i tynne skiver, sett dei på ei steikeplate, pensla med egg og dryss over hakka mandla og perlesukker. Steik kakene i 12 minutt på 175 grader.
 
 
Me har vore sjuke dei siste dagane, så golva er skitne, det er rot rundtom og me er ikkje heilt klare til 1 desember og advent enda. Men i kveld har me funne fram adventslys og to svibla blei med heim frå butikken. Julestjerne er funnen fram så me håpe på bedre form i mårå og få hengt opp stjernene og vaska litt.
 
 
Har du sett denne? lysestake frå Løyten lys. Lysestaken er laga av starin, med ein liten glasskolbe som ein har telys oppi.
 
Ha ei fin helg!


3 kommentarer:

  1. Me ryddar og vaskar ned kjøkken idag. Ikkje kjekt å halda på med, men kjekt når det er ferdig. Og Ingeborg har laga sjokoladekjeks - - - - dei er farleg gode :)

    SvarSlett
  2. Jepp! FARLIG gode!!!

    SvarSlett
  3. Eg har baka sjokoladekjeks i dag, og dei blei farlige gode!!! Flinke dåke har vore å vaska, me burde og brukt ein heil dag på kjøkkenet, men no er iallefall frontane reine, så får det blir inni skapa etter jul.

    SvarSlett