mandag 3. august 2009

Lite minna om 3 august når eg krabba ut av senga 0540 i dag for å ta fatt på første dag på jobben etter ferie. Det regna, bles og var mørkt ute. På jobben blei eg møtt av informasjonsplakatar på alle dører for korleis ein skulle verna seg mot svine influensa, og ein av dei 47 mailane i innboksen, var beredskapsplan viss 40% av dei ansatte blir sjuke, men bank i bordet, eg er frisk. Så no er eg igong igjenn.

Eg har ei venninde som ventar baby no i august, eg har sett på fleire oppskrifter men enda opp med denne dressen fra Dale, nr 19103B (oppskriftsblad nr 191).
Dressen skulle strikkas i Hubro, men eg har brukt Balder frå Viking. Eg var å kjøpte trå på torsdag, og etter å holdt på ett par tima, tre kveldar er eg nesten ferdig. Men siden dette gjekk så fort, må eg venta til babyen blir født for å finna ut ka farge eg skal ha på knappar og mønster framme på dressen + strikka hetta. Eg var veldig fornøyd heilt til eg kom til halsen/var ferdig med halsen, for den er blitt veldig stor. Er det noken som har eit tips for at dette ikkje skal bli så skjemmande?


Legge ut nytt bilde, når eg er heilt ferdig.

2 kommentarer:

  1. Ja. du e effektive, må eg sei. Da e jo kjekt med noko som går litt fort. Koselige dress. Men den e for vid i halsen, som du seier.
    Har du rett maskeantal rundt halsen? Har du strikka den øverste kanten med riller på dressen på biletet? Viss du har rett med masker og kanten blei så vid, kan du prøva å rekkja opp att kanten og fella inn nokre masker. Om du då feller i den første omgangen der du trer opp maskene , eller feller inn i andre omgangen, må du sjå kva som blir finast. Det ser i alle fall for vidt ut no. Du kan også strikka den øverste kanten på tynnare pinnar, slik at den blir strammare av den grunn, og prøva å strikka fastare.
    Når eg ser på biletet, lurer eg på om du har for mange masker att på armane, sjølv om du har felt raglan?? Men det er kanskje berre måten dressen ligg på på biletet?
    Du får sjå nøye på det eg har nemnt. Det er ikkje alltid så enkelt å forstå korleis ein skal fella ut frå mønsteret. Eg har "juksa det til" mange gonger. Og når du ikkje her strikka raglan før, har du ingenting å samanlikna med.
    Lukke til.
    Mamma.

    SvarSlett
  2. Hei du:)
    Så fin den ble. Du har jammen meg vært kjapp!
    Har akkurat ramla ned i sofaen nå, har lagd en bråte med kjøttkaker som vi spiste i dag og skal ha i morra òg! Fant ut at det var vel 4 år siden sist jeg lagde...he he;)
    Kjetil er ute å beiser huset og jeg har hatt mamma og svigermor på lunsj i dag, det var hyggelig. Dagene går unna, men jeg må prøve å planlegge litt hver dag, for jeg syns det kan gå litt trått på morran. Lett for å krype til køys igjen etter Kjetil har reist på jobb;)
    Vel, jeg gleder meg til å prøve dressen til lille bolla som jeg håper snart melder sin ankomst! Vi skravles, klem Sylvia :)

    SvarSlett