torsdag 28. januar 2010

Den lille kokkosbollefabrikken

I helga har eg hatt besøk av ei barndomsvenninda, utrulig kjekt. Kjekt å treffast og kjekt å gjera ting samen. Søndag var me på marked på Birkelunden, og ka var vel meir naturlig enn å gå innom den lille kokkosbolle fabrikken, har kjøpt med meg kokkosboller og sjokoladeboller der frå før. Men det smakte ekstra godt når ein satt inne i varmen (etter å ha vore ute å frøse) og med ein latte til. Og til min store glede, såg eg dei hadde oppskrift på kokkosboller på veggen, eller rettare sakt, frå denne nettadressa www.matnytting.no/oppskrifter/kokkosboller.ht
Så no håpe eg det snart komme ein anledning, slik at eg får prøvd ut oppskrifta. Og for dei som enda inne har skjønt det, dette er heilt andre kokkosboller en dei du finne på rema. Dei er utrulig gode! (og som ein digresjon, eg har aldri vore så begeistra for kokkosboller før, men desse er blitt ein ny favoritt søt ting. Dei er ikkje så søte som dei du finne på rema, og inneholde 50 kcal pr stk(for dei som tenke på sånt i januar))og for dei som er like glad i kokkosboller som meg, eller ønske å bli det, kan du gå inn på www.kokkosbollen.no og lesa meir. Og, det kommer bilder og rapport frå mitt forsøk på å laga kokkosboller. Er det noken som har tips (spent på korleis ein får smørt på sjokolade feks), mottas dei med takk.

Foruten besøk på den lille kokkosbollefabrikken, var me på thailands resturang, shooping, tur i frogneparken og masse avslapping og god mat.

Altså, ei perfekt helg. Bortsett for dåke som følge med på bloggen min, for her skjedde det ikkje noko. Blir imponert og glad når eg ser det er så mange som følge med.

1 kommentar:

  1. Åh de så gode ut! Jeg liker kokosboller :-) Ha en fin helg!

    SvarSlett