fredag 12. mars 2010

Krydderkaka og vestlandslefsa

I kveld har eg hatt besøk av farmor og farfar, og eg tenkte på ka passa det å servera til dei som har pasert 80. Det blei krydderkaka og vestlandslefser med pålegg inni, og det falt i smak.
Eg rørte samen denne krydderkaka i går, eg veit ikkje navnet, men mamma sa at eg kunne kalla den korps kaka, for det er alltid noken som har den med på korps arrangemang.
Oppskrifta er:
7.5 dl kefir melk
3 ts natron
1 pakke kanel (ca 20 gram eller 3-4 ts)
600 gr mjøl
600 gr sukker
180 gr smør
Rør ut natronene i kefir melk, bland sammen alle ingrediensane og ha det i ei langpanne
Steikes i 30 min på 200 gr
Eg har ikkje laga fyll, for store delar av kaka komme til å havna i frysen. Men her er oppskrifta,
50 gr smelta smør
250 gr melis
2 ts vaniljesukker
3 ss kako
4 ss kaffi
Rør inn dei øvrige ingrediensane i det smelta smøret, og smørr på på kaka
Enkel og god kaka.
Og så vestlandslefsa...
Eg prøvde ut serveringstipsa bak på pakken og fant på noko sjøl, dvs
* laks, salatblad og kremost
* skinke, ost, salatblad og kremost
* leverpostei og avokado
Veldig god, passe godt å servera når ein har besøk, eller ta med til lunch eller ut på tur.
Og da er berre fantasien som sette grenser for ka ein kan ha inni, har prøvd med "taco-ting" og, kan anbefalast.


Ha ei fin helg!

2 kommentarer:

  1. Ser godt ut. Kunne godt tenkt meg at ein kunne senda bakevarer pr. mail.
    Mamma.

    SvarSlett