lørdag 17. april 2010

Ferske rundstykker til frukost

Håpe tittelen på innlegget gjera at du får lyst til å lesa vidare. Eg får iallefall vatn i munnen når eg lese det. Og den gode nyheten er, ein trenge ikkje stå opp med hønsa for å få det til. Eg har besøk av lillebroren min denne helga, eller rettare sakt, han sove hos meg, og deltar på ein konferanse heile dagane. Ein av mange ting eg sette pris på når eg har besøk, er å ha noken å eta frukost med, og lange frukostar med noko anna enn frukostblanding (som eg fort velge i kvardagen). I dag hadde me ferske rundstykker, kaffi av nymalte kaffibønner, juce og godt pålegg (ein anna fin ting med besøk, ein kjøpe inn meir og bedre pålegg, vil jo at gjestene skal ha det så bra som mulig)
Nam, nam...

Og her er baksten. Det geniale med denne oppskrifta er at ein lage deigen kvelden før, har det oppi muffinsformer, klesje det ut på eit bakepapir (brytebrød) eller den formen du foretrekke og lar det stå i kjøleskapet natta over, pensl med vatten før ein sett dei i steikeovnen på 250 gr og steik i 12 min, og ta,ta: ferske rundstykker til frukost.

Av denne oppskrifta fekk eg 12 middels store rundstykker (hadde dei i store muffinsformer)
Dette er ein gjærdeig og lagas på den vanlige måten, og består av:

1/2 pk gjær
5 dl vatn
1.5 ts salt
1 dl havrekli
1/2 dl knuste linfrø (gløymte eg å ha oppi)
9 dl kveitemjøl

Oppskrifta komme frå blogg eg ikkje huskar navnet på i farten, og blir der kalla morgonbullar.

Prøv dei du og då!

3 kommentarer:

  1. Er så enig der, det er noe av det beste med besøk :) Går det ann å la de stå ute på benke over natta også? Har sånt superlite kjøleskap som følger med studenthybel, og der er det ikke plass til ett brett med rundstykker for å si det sånn ;)

    God helg!

    SvarSlett
  2. Dette er noko du kan anbefala til far din - - - - - - - - ein god ide! Ser godt ut.

    SvarSlett
  3. ååå! dei såg goe ut! :D

    ingeborg<3

    SvarSlett