onsdag 21. april 2010

Gryteklutar og kjøkkenklut

Eg traff onkelen min i påsken og då snakka han varmt om gryteklutane som han hadde sett hos andre i slekta, og fortalte om alt han hadde prøvd, frå plast til utslitte hekla han brukte no. Og då var ikkje eg vanskelig å be. Eg syns generelt da er veldig kjekt å få skryt for da eg lage, og det er veldig kjekt å gi vekk noko ein veit vil bli brukt. Han hadde ingen preferansar i forhold til farga, men ville ha noko med farge på. Og tru da eller ei, eg hadde eit lager med bomuls trå liggande. Eg har strikka med ein litt tjukk blå trå, og ein tynn som skifta mellom ulike blå og grønn fargar.
Var litt optimistisk i forhold til tråmengden og la opp 85 masker og gjekk tom for trå etter 21 cm.
Dei er 24,5 cm breie.
Gryteklutar i grått.
Eg har vore på utkikk etter denne gråfargen lenge, eller rettare sakt vore innom 4-5 tråbutikka før eg fant noko eg syns passa til formålet. Dette skal vara ein forsinka innflytningsgave til fetteren min som har pussa opp kjøkkenet i grått i nyinnkjøpt leilighet.
Desse er litt mindre enn dei over, 18 * 18 cm.
Tråen heiter soft cotton. Eg pleie å strikka med dobbel trå, men når anbefalt pinne var 4.5, gjorde eg gjorde eg ikkje det denne gongen. God og mjuk trå. Og når eg førs hadde funne denne tråen, kjøpte eg ett ekstra nøste for å strikka ein kjøkkenklut, som så mange andre før meg (sett det på utallige bloggar). Eg la opp 45 masker, ein omgong med berre rette masker, så ein med ei rett og ei rång heile pinnen.
Tatt to bilder så ein kan sjå mønteret på begge sider. Kluten er 23 * 23 cm.Eg var på strikkekafe på Du store Alpakka i går, og der snakka dei om slike klutar. Og då lærte eg at ein skulle ikkje bruka trå som var blank til slike klutar (var eit navn på det, men det huska ikkje eg).
Ha ein forsatt fin onsdag

1 kommentar:

  1. Hei og takk for hyggelig kommentar på bloggen min. Mønsteret på kjolen har Hege som har butikken http://textart.no/ laget selv. :-)

    SvarSlett