mandag 10. mai 2010

Bagels

Eg har lenge hatt lyst å laga bagels. Dei som er på meny er veldig gode og kjekt å testa ut anna behandling av gjær deig. Som sakt som gjort. Oppskrifta er henta frå kokeboka "Brød - fra focaccia til bagels" som eg fekk hos tante til jul. Der er det oppskrift på alt anna enn vanlige grove rundstykker. I tillegg til oppskrifter, står det forslag til pålegg. Bagels skulle serverast med røykelaks, cottage cheese, dill og sitron. Mitt favorittpålegg er røykelaks, så eg kjøpte inn. Men innen eg laga bagelsa hadde røykelaksen gått ut på dato. Og ja, eg åpna den og smakte, den var råten. Men eg gir meg ikkje på første forsøk, ny laks er kjøpt inn, og med bagels i frysaren, skal eg testa ut dette.
Men det smaka godt med leverpostein og sukkererter og ost,skinke og paprika og.



10 stk
1/2 pk gjær (50 gr)
2,5 dl vatn
1/2 dl olja
1/2 ss sukker
1/2 ss sakt
5 dl finmalt rugmjøl
2-3 dl kveitemjøl
Smuld gjæren i ei bolle. Varm vatnet til 37 grader. Hell litt av vatnet over gjæren og rør til den er oppløyst. Tilsett resten av vatnet, olja, sukker, salt, rugmjøl og nesten alt kveitemjølet (ha igjenn litt til utbakinga). Arbeid deigen smidig.
Ta deigen opp på eit mjølete arbeidsbord og del den i ti bitar. Rull kvar ut til ein fingertjukk lengde, 25 cm. Form lengdene til kransar på ei bakepapirkledd steikeplate. Dekk det til, og la dei heva i ca 40 min.
Kok opp vatn og sukker i ei stor gryta. Legg i nokre ringar om gongen, og la dei koka i ca 2 min. Ta opp ringane med ei hålesleiv og la dei renna av seg. Legg ringane tilbake på den bakepapirkledde plata. Sett plata midt i steikeovnen og la ringane steike på 200 grader i ca 25 min. Ta dei ut og la dei bli avkjølt på ei rist.
Dei blei veldig gode, var kjekt å prøva ut oppskrifta, men det tok litt tid.
Skal snart prøva ut noko meir frå den kokeboka, så følg med.

2 kommentarer:

  1. Hei :)

    Dette ser kjempegodt ut :)

    SvarSlett
  2. Så deilig ut! Men det er jo så upraktisk med hull i midten ;) Blir liksom syndt for litt mat føler jeg! Ha ha :)

    SvarSlett