torsdag 9. desember 2010

Marsipan


På søndag var eg å laga marsipan med kjæresten til søskenbarnet mitt. Marsipanen blei god, og me hadde det veldig kjekt. Ein fordel for meg er at eg er ikkje veldig glad i marsipan, så den ligge fint i kjøleskapet og ventar på å bli gitt vekk eller bli sett fram viss det komme besøk.

Eg skolda mandlane, dvs, hadde mandlane oppi ei panna og hadde varn over og kokte opp. Lot det stå og trekka til skalet blei laust. Eg tok av skallet på alle mandlane og lot dei ligga på eit kjøkkenhåndkle og tørka i 6 dagar.

Så malte me me mandlane, me malte tre gongar på mandelhåndkvern. Har ein ei kvern som ein kan mala i ulike finheta kan da holda med to (1 gong på grovt og ein gong på fint).

Bland like masse mandlar og melis (kan vara lurt å holda igjenn litt mandlar til utbakinga/hatt i konditorfarge). Bland isamen mandlane og melisen, tilsett eggekviter litt etter litt (nb., da blir veldig fort for masse, og ein trenge masse mandlar og melis for litt for masse eggekviter). Eg brukte ca 4 på 750 gr melis og 750 gr mandlar. Tilsett romessens (ganske mange dråpar). Kna til marsipanen er klar til å laga figurar av. Tilsett konditorfarge viss du vil ha det. Form figurar eller kjevl ut og stikk ut figurar (som eg gjorde).

Me lagde og noken kuler som me dypte i sjokolade og hadde strø på, men dei har eg vist gløymt å ta bilder av:)

Legg marsipanen i ein tett boks og oppbevar den kaldt.

Eg fekk 1.5 kg marsipan, og då brukte eg ca 4 timar frå ein starta med malinga til ein var ferdig. Medberegna at tante var "kjøkkenassistent" og fant fram ting ein trengte og hjelpte meg med knainga.

1 kommentar:

  1. Lurer på kven som skal få dette til jul? Eg skal ikkje sei noko til potensielle mottakarar.

    SvarSlett