tirsdag 18. januar 2011

Oldemors kvardagsbrød

Når eg har vore heima, har eg alltid med meg heimelaga brød fra pappa tilbake. Syns da blei veldig fort oppeten denne gongen, så har baka brød sjøl. Oppskrifta er den som oldemora mi pleide å bruka. Ingrediensane er for 3 brød i langpanna, eg laga 1/3 oppskrift og brukte to 2 liters brødformer i staden for, og fekk noken litt små brød. Syns heimelaga brød fort dette frå kvarandre, så bedre med litt lågare brød.
1.5 kg kveitemjøl
1/2 kg grov kveite
1/2 kg fin rug
1 ss salt
5 ss sirup
150 gr smør
1,7 l vatn
50 gr gjær
Smelt sirup, smør og tilsett vatn slik at det blir totalt 1.7 liter og blandinga er lunka. Bland alt mjølet og saltet. Løys opp gjæren i den lunka veskeblandinga. Hev deigen før du bakar ut brøda. Etterhev, ha litt vatn oppå (så skorpa blir sprø) og steik brøda i 30 min på 225 gr og 30 min på 175 gr. Bank litt på brøda, og når du får ein hol lyd er dei ferige. Siden mine brød var låge, steikte eg dei 15 min på 225, og 20 min på 175.
Har akuratt kost meg med ei skjeva no, hadde feilberekna kor lang tid det tok å laga middagen. Eg pleie å skjæra brøda i skiver og frysa dei med bakepapir imellom, då er det kjempelett å ta opp, hiva i brødristaren og kort tid etter har ein ferskt og godt brød.

2 kommentarer:

  1. Brøda såg fine ut! Og så er dei skikkeleg gode. Da e godt du har energi til å holda på med slikt.

    SvarSlett
  2. Da gir meg energi å holda på med sånt! Da gir meg glede å sjå at ein har "produsert" noko (om da er mat eller strikking.

    Ha ein fin lørdag!

    SvarSlett