torsdag 17. mars 2011

Veksejakka

Sånen til ei eg jobba med tidligare er blitt 1 år, "jentegjengen" skulle egentlig i 1 års dag for noken veker sidan, men den blei avlyst for vår del pga sjukdom. Ingenting er for vondt til at det ikkje er godt for noko, for jakken hadde ikkje vore ferdig då, men når me var der på onsdag var den ferdig og den kunne overleverast. Oppskrifta er henta frå "Nøstebarnboka". Jakka er strikka på tjukke pinnar med tynn trå for at den skal bli elastisk og ein skal kunna veksa i den.
Eg har strikka i Baby Merino, knappane komme frå Du store alpakka. Dei to nederste knappane kom litt for tett, neste gong skal eg vara litt meir nøyen med utregninga i forhold til knappehåla. Størrelse 1-2 år.
Jakka er strikka i ett stykke. Det var ein liten iq-test for meg å skjønna kordan ein skulle gjera det. Det var ingen problem når eg hadde ein strikkedesignar i naboleiligheten. Hu teikna og forklara, og når eg først hadde skjønt da, var det ei veldig enkel og kjekk jakka og strikka.

Og til slutt, eit lite vårtegn. Har desverre ikkje sett snøklokker i Oslo enda, men var noken dagar på vestlandet, og der er naturen litt meir klar for vår. Her snør da i dag.
God helg!

4 kommentarer:

  1. Så fin jakke.

    Du kommer nok til å savne designeren i naboleiligheten.

    SvarSlett
  2. Hei.

    Har du fått nytt apparat no??? - - - sidan du slår til med bilete att.
    Kjekt at snøklokkene stod så fint så lenge. Og jakken blei fin; - - - eg trudde den var strikke "rundt", men dette er ein litt "vaksnare" modell og vel så kjekk.

    SvarSlett
  3. Lukas är väldigt glad i sin fina jakka och använder den fortfarande, fast han snart bli 2, bra stretch i!

    SvarSlett
  4. Så bra:) du får farga den, så kan jenta og bruka den:)

    SvarSlett