onsdag 13. juli 2011

Sommarmat

Sjå denne nydelige blomen eg har fått:) Og denne gode sommarmaten:)

Sommarskinka, focatsja, heimelaga potetsalat og grønn salat.

Sjølv om det står på pakken, at skinka var kokt, kokte eg den i 30 minutt i pakningen, etter tips frå bestemor. Avkjølte den og skar den i skiver.

Focatsjaen er frå pakke som eg fekk i pakkeadventskalenderen frå tante i fjord. Blei veldig god:)

Salaten bestod av: hjertesalat, rucola salat, rapidsalat, tomat, mais, agurk og olje og balsamiko dressing.

Potetsalaten er fra den blårutete kokeboka til Ingrid Espelid Hovig.
Består av: poteter, sylteagur, vårløk, rømme, lettmajones, senep, salt og litt pepar.

Dette syns eg var kjempegodt, og passa perfekt når ein venta på familiebesøk som var på vei over fjelle og ikkje viste ka tid kom.

Ha ei forsatt fin veka, og du jobbe eller har ferie:)

PS, dette er innlegg nummer 200, og over 10 000 besøkande, nesten ikkje til å tru.
Takk for alle fine komentarar!
Skal markerast når "bloggverden" er litt meir aktiv etter ferien.
Kom gjerna med ønske og kommentarar om bloggen min.

2 kommentarer: