torsdag 15. september 2011

Lasanje

Ka skal ein laga når ein skal ha 8 til bords, det er berre så vidt plass til alle rundt bordet og ein vil jo helst vara med gjestene, ikkje stå med ryggen til gjestene og ha fokus på grytene. Hos meg løyse eg dette ofte med ein ovnsrett som ein kan gjera alt klart på forhånd, og som kan stå litt om noken komme litt for seint. Heimelaga lasanje er veldig godt, består som oftast av ein ostesaus og ein kjøttsaus, pastaplater og ost osv. Men i denne lasanjen er det berre ein saus.


Til 7 vaksne og ei stor form startar eg med å steika to kjøttdeigar og ein løk. Har det oppi ei panna, tilsette to glass Dolmino tomatsaus (eg bruke ein klassisk og ein ekstra krydra eller med kvitløk). Koke dette litt, tilsette to matfløyta og ca 3 dl raspa ost. Starte og slutte med saus og legge da lagvis med sausen i ildfast form. Har ost oppå og steike i 45 minutt på 200 grader.

Safta og andre produkt frå Herviks er veldig gode, ikkje like godt som heimelaga, men mykje bedre enn andre kjøpeprodukt eg har smakt. Denne kartonen er så liten at ein får drukke den opp på ein kveld.

Produkta kan bestillast på Hervik sine heimesider og dei har litt på Rema.

God helg:)

4 kommentarer:

  1. Hei!!!!
    Ser godt ut!!!
    Kanskje ikkje dette du skal eta i helga, høyrer rykte om fårikål. . . . . .
    Her går det i pakking, og enkelte stressar ein del. . . . . .
    God helg og god bursdag!!!!

    SvarSlett
  2. Takk for da:)Ja, den er veldig god og enkel og laga. Kan laga den ein gong eg komme heim. Blir fårikål på lørdag, tenkte me kunne ha da sidan han er så glad i da og du ikkje lika da så godt. No har eg bakt brownies som eg skal ha med på jobben i mårå:)

    SvarSlett
  3. Se her - supergod lasagne jo:) Mannen min lager den litt på slump - god kjøttsaus med moste grønnsaker, bacon og kjøttdeig. Den hvite sausen tilsetter han godt med muskat i - og så er det rikelig med parmesanost på toppen. Mmmm - lasagne er supergodt:)

    God kveld til deg!

    SvarSlett