fredag 3. august 2012

Bryllupskaka?



Mamma hadde funne oppskrifta på ei kake som såg veldig god ut, og når eg var heima i sommar testa me ut oppskrifta (nb, me laga vår egen variant) og inviterte unge og gamle i nærheten på smaking. Me dekte på i stova med fine gamle koppar frå bestemor, hylleblomstsaft og bær. Kaka blei god, men er ikkje ei kake ein greie meir enn ett stykke av, og kansje ikkje noken andre kaker i tillegg, så viss denne skal på kakebordet i bryllupet vil den bli laga i større enn 24 cm form (som her), slik at den ikkje blir så høg, og ved å ta ett stykke får ein mindre kake. Utgangspunktet er ei suksesskake med sjokolademous oppå. Som du ser, blei ikkje mousen vår stiv, så neste gong eg skal laga denne kremet vurdere eg ein pakke med sjokolademous eller ei anna oppskrift på mousen. Egentlig skulle det være ett lag med piska kremfløyte mellom sjokoladen og pærene på toppen, men det kutta me. Ein stor fordel med kaka er at den er glutenfri.

Botn
4 eggekviter, 200 gr sukker og 250 gr grovmalte mandlar.

Visp eggekvitene stive og tilsett sukker litt etter litt slik at massen blir blank og seig. Bland mandlane forsiktig inn og steik kakebotn på 175 gr i 45 minutt.

Suksesskrem
2 dl kremfløyte, 200 gr sukker, 2 ts vaniljesukker, 4 eggeplommer, 250 gr smør.

Kok opp kremfløyten, sukker og vaniljesukker. Visp eggeplommene og spe litt etter litt med den varme fløyten. Varm forsiktig til kokepunkt (ikkje kok, berre tjukne). Avkjøl blandinga og tilsett mjuk rørt smør. Kjør blandinga i stavmiksar til den er lett og luftig. La kaka stivne i kjøleskap.

Sjokolademouse
130 gr mørk sjokolade, 30 gr meierismør, 4 eggekviter, 70 gr sukker, 3 ss kaffe.

Smelt sjokoladen og smøret (eg brukte ei Ingrid Espelid skål på svak varme direkte på plata, evt bruk ei anna skål i vannbad). Bland kaffien inn i sjokoladen og smøret. Avkjøl blandinga i romtemperatur, rør innimellom.

Pisk eggekvitene på middels hastighet til dei skumme. Forsett og pisk, tilsett 1 ss sukker om gangen per 10-15 sekund. Pisk til kremen er flyffy og fin. (skal kunne den opp ned over hovet).
Hell den avkjølte sjokoladeblandinga over marengsen, litt og litt om gangen. Vend og bland forsiktif med ein slikkepott. Sett sjokolademousen 2 timar i kjøleskap.

Rør rundt i sjokolademousen, før du legge den oppå den gule kremen.
Kutt hermetiske pærer i skiver og la dei renne av seg i eit dørslag. Legg dei oppå sjokolademousen.

Ta,ta, du har ei kjempegod kaka:)






1 kommentar: