onsdag 24. februar 2010

Sykurs

I januar gjekk eg på kreativt sykurs to kveldar hos Siv Lind som er designar og drive butikken Mormors kommode på Grynerløkka i Oslo. Siv var ein god lærar, og dei tre andre kursdeltakerane var kjekke. Kurset var i butikken. I utgangspunktet skulle det vara i fire timar, men det blei seks og eg har gjort ein del på kjolen heima. Men med butikken rett over gata frå jobben min, gjere ikkje det noko, for står eg fast kan eg stikka innom. Bli inspirert av noko hu holde på med, kjøpa ein green gate kopp eller få hjelp til å setta glidelåsen rett vei. Er du blitt litt nysgjerrig? stikk innom www.mormorskommode.no eller butikken. Og har du og lyst å læra desse tinga, og bur i Oslo området, anbefale eg kurser, det komme fleire.

Først, kjolen i alle vinklar. Den er laga av svart "joggetøy". Dei lilla rundingane er i samme tøy som foret i hetta. Rundingane er pynta med blomsterknappa og paletar. Lillesøster stilte opp som modell, her i ein vinkel som framheve den fine blomsterknappen som er med å holde kjolen på plass.
Og bakfrå, hetta er ein viktig del av kjolen, og er fort med lilla tøy frå Panduro.
Deilig å ha på hove når ein skal heim i vinterkulda.

Og så inni, festemekanisme som gjere at kjolen ikkje sige ner framme.


Eg er kjempefornøyd med kjolen. Den er behagelig å gå med, og samen med høge svarte støvlettar og smykke som matcha blei ein pynta. Har hatt den på meg ein kveld, og har aldri fått så mange komplimang for antrekket, og då er det ekstra kjekt og sei at ein har laga den sjøl.


Og så resten

Sofa pute, med strykemerke på. Her var poenget å læra seg å sy skjult glidelås.
Strykemerka kan kjøpast i butikken til Siv.

Og sist, toalettveske/sminkepung.
Kansje dette blir årets julegave? Her skulle det egentli vore omvent, dvs rosa prikka utenpå osv. Men noko blei feil med glidelåsen, men syns den blei fin likevel.
Og kansje like praktisk med voksduk oppi.

Her blei det som planlagt, rosa tøy med prikka på utenpå, og grønt inni.

Ja no er det berre å la seg inspirera til å finna fram symaskinen eller melda seg på kurs. Eg har lite erfaring med å sy, men har greid dette, og syns det var veldig kjekt å komma eit steg vidare. Har du ein symaskin, og ferdighetane eller melde deg på eit kurs, skal du greia dette.
Ha ein forsatt fin kveld!

5 kommentarer:

  1. Det ser ut som du hadde godt utbytte av kurset. Kjolen ble kjempetøff, og småtingene flotte de også.

    SvarSlett
  2. Hei!akkurat sånt eg har lyst å sy!! ;) knallflotte ting du har laga. Her kosar KO seg i tråden min, eg har funne fram noko sokkegarn som skal bli ei bursdagsgåve. Herlig med sånne dagar, der hu kosar så masse :) Håpar du får ei gode og heilt friske helg. Klem

    SvarSlett
  3. du skjønar nok kven eg er,, hehe, kommentaren vart visst anonym!Klem, Astrid Karin og Karen Oline ;)

    SvarSlett
  4. Så flink du e t å sy!
    Hilsen Kristine

    SvarSlett
  5. Her var det jo masse flotte saker og da!! Gøy med symaskin ja:)

    SvarSlett