søndag 5. september 2010

5 rettes middag

I helga har eg hatt besøk av eit vennepar frå Bømlo, eller rettare sakt, dei har budd hos eit anna vennepar frå Bømlo, som bur her i Oslo og eg har vore med dei. På fredag hadde eg invitert alle til middag, og sidan tre rettaren eg serverte når eg hadde besøk av tidligare kollega gjekk veldig bra, ville eg prøva meg på ein 5 rettars denne gongen, eller kansje meir korekt, tre rettes, apperitiff og hvilerett.
Det starta med denne:
Mango drink med ein mango bit.
Mango tropical drinken komme frå invandrarbutikken, og er levert av Enjoy.
Den er veldig god og minne om mango smoothie.
Den grønne kanten oppå glasset er laga ved å dyppa glasset i grønn konditorfarge, og så i sukker (ha konditorfarge og sukker på eit tefat feks). Eg brukte vanlig sukker, men perlesukker blir enda finare.

Lefserullar
Bløyt vestlandslefser, smør på kremost naturel, ha oppå spekeskinke og rucolasalat. Rull dei i samen, ha inni aliminiumsfolie i kjøleskapet, så er dei lettare å skjære opp i fine bitar.
Laks i følge med potetbåtar og salat

Laksen har fått på seg griljermjøl, ved hjelp av å dyppa den i egg og litt sitron, før den blei dekka med griljermjøl som eg hadde oppi litt salt og pepar og blei steikt i middels varm panna, i godt med smør.

Potetene er frå invandrarbutikken og har eit flott navn, trur da starte på a, men ka det er, komme eg tilbake til. Potetene er små, og eg dele dei i to og har dei oppi langpanna samen med gullerøter og heile sjarlottløk. Steikes i ein liten time på 225 gr.

Salaten består av: eikesalatblad, mais, cherry tomater, sukkererter, oliven, soltørka tomater og litt paprika. Ett resultat av det eg fant i kjøleskapet.

Kvilerett

Etter middagen, hadde eg ein kvilerett, som skulle vara eit frampeik mot deseren. Med noko litt salt og litt søtt. Ein kan også kalla det ein "plukkerett", og det kan jo passa bra når ein begynne å bli ganske mett. Og retten består av sjokoladeglaserte solsikkefrø (oppi skåla) og fatina snacks. Alt fås på invandrarbutikka, og sistnevnte er salt.

Snickers kakaEi kaka eg har hatt lyst å laga lenge. Eg laga 1/2 oppskrift (den som står her), men når eg ser ka som er igjenn etter å hatt den framme både på fredag og i går, kunne eg laga 1/4 oppskrift. Ei god kaka, men den er mektig.

Botn:

175 gr smør, 3 dl sukker, 75 gr oboy eller kakao, 0,5 dl sirup (eller ca 3 ss), pittelitt salt, 3 egg, 90 gr mjøl, 100 gr sjokolade, 150 gr cashewnøtter (eg brukte pianøtter, var ein god erstattar viss du har noken liggande).

Pisk smør og sukker lyst og luftig. Bland inn oboy, sirup og salt. Tilsett ett og ett egg om gongen og rør godt. Vend inn mjøl, sjokolade og nøttene.

Ha bakepapir i botn av forma, ha oppi røra og steik på midterste rille på 175 grader i 25 min.

Krem:

3 ss peanøttsmør, 3 ss smør, 3 ss melk, 250 gr melis, 75 gr cashewnøtter til pynt oppå.
Bland samen alle ingrediensane og smør det på kaka. Sett kaka kald.

Og litt om gjennomføringa og "logistikken" rundt middagen. Med relativt lite kjøkken, og kjøkkenbenken 0.5 m frå spisebordet, måtte det planleggast for å få det til å gå opp og att det ikkje skulle sjå "bomba" ut.

Kakebotn laga eg tidligare på dagen, så 3 tima før gjestene kom starta eg med å laga fyllet og fekk kaka ferdig og sette den i kjøleskapet. Så blei lefsene lagt i plaut, og mens dei låg laga eg salaten og så "smurte" eg lefsene og la dei i kjøleskapet. No dekka eg bordet, og det såg ut som på bildet under, mao heilt ferdig til servering av middagen. Neste trinn var middagen. Grønnsakene blei hakka og lagt i langpanna og fisken steikt. Eg hadde ei lita ildfast skål oppi langpanna, slik at eg kunne legge fisken oppi der etterkvart som den blei ferdig. Aperitiffen blei laga, og lefsene skåren opp. Eg rydda underveid, og ti min før gjestene kom, sette eg meg ned og pusta i magen og slappa av litt .

Kaka blei inntatt i sofaen. Her med både duk og service frå bestemor. Legge ein litt godvilje til kan ein kalla det retro.

Eg ser tilbake på ein kjekk kveld med besøk, og er ikkje blitt avskremd av 5 rettes middag. No skal me på Åpent bakeri og eta frukost, ein kjekk ting å ta folk med på, og ganske avslappande i forhold til 5 rettes middag.

Ha ein fin søndag!

3 kommentarer:

  1. Så mye god mat! Pleier alltid å se sånne ruller med røklaks, og det liker ikke jeg, men spekeskinke er jo konge! Kan hende jeg kopierer deg på det en gang :) Og de har fantastisk mye artig i sånne invandrerbutikker. Er bare å vite hva men kan bruke alt til ;) he he

    SvarSlett
  2. Dett såg jo rektig lekkert ut.nOg lampen var fin. No har eg og pappa gått rundt Skimmelandsdalen; fin temperatur i kveld.
    God natt :)

    SvarSlett
  3. Heisan - så mye god mat du presenterer på bloggen - fem-retter! Jeg er imponert - skal litt logistikk-kompetanse til for å holde orden på det:) Men det så jo utrolig godt ut! Tipper du har brukt Amadine-poteter - det er små, delikate partypoteter som passer flott i et festmåltid. Vi skal ha konfirmasjon til søndag, og da blir det Amadinepoteter som tilbehør til hovedretten:)

    Ha en fin uke:)

    SvarSlett