onsdag 2. februar 2011

Bestemors jordbærdesser

Eg har hatt besøk av pappa, på søndag benytta eg muligheten til å laga "ordentlig" søndagsmiddag. Her har eg laga komla (rett nok raspeball frå Toro), Åkerring (kjøttpølsa), pinnakjøt, kolerabi og gullerot. Til desser hadde me bestmors jordbærdesser.
Kok opp 400 gr jordbær (hels delt i bitar) med 2 dl vatn over og 3 ss sukker. Bland 1 ss potetmjøl med litt vatn og ha oppi bæra når det har kokt. La det få ett oppkok og avkjøl før servering. Server med vaniljesaus (som på bildet),eller melk og fløyte blanding. Kjempegodt!

2 kommentarer:

  1. Hei.

    Tenkte meg da at du ville leggja ut bilete av maten dåke har ete. No er han blitt gjødde og trimma - han er imponerte over tempoet ditt når du går tur. Maten ser god ut.Idag stod taco på menyen

    SvarSlett
  2. Da såg godt ut. :)
    Passe da for deg at eg komme dinna månaden?
    Eg har jo gavekort på ein frukost... :)

    SvarSlett