tirsdag 22. juni 2010

Familiebesøk

I helga har eg hatt besøk av bestemor og bestefar, og tante og mamma som sjåfør. Tiltross for at begge har pasert 83, og har ein del plager, fekk me gjort og sett masse. Hovedårsaken til at dei kom var at dei ville sjå kor eg og fetteren min budde (begge er blitt leilighetseigara det siste året). Søndag var me på biltur i Holmenkollen og drakk kaffi på Frognersetera. Og dei fekk handla både i inn og utland (dvs Oslo sentrum og Nordby). På lørdagen åt me middag hos meg. Eg hadde laga lapskaus med potet, gullerøtter, løk, pølser, pinnakjøtt, kolerabi, pølsa og purre. Og til kaffien hadde me jordbær, moreller, mellon og krydderkaka.
I forkant ser du blomsteroppsats eg fekk, den er så fin at eg må nesten vara heima å sjå på den :) No har eg akuratt fått rapport om at dei er komt heim, dei eldre er slitne, det er litt rot her. Men det viktigaste; alle ser tilbake på kjekke dagar samen.



1 kommentar:

  1. Og den hoppinteresserte bestemora di r spesielt imponert over at ho har sett nye Holmenkollbakke. Middagskvilda som blei sløyfa dei dagane turen varte er tatt igjen etter at deinkom heim.

    SvarSlett