lørdag 5. februar 2011

Eplekaka

Her komme oppskrifta på ei litt alternativ eplekaka. Ein starte ikkje med å røra sukker og smør kvitt, ein skal ha sandefjordsmør oppi og ein skal ha oppi sitronskall oppi. Laga denne til strikkekafeen sist veka av epler frå Sylvia som eg fekk i haust. Skar dei i båtar og fraus dei, gjekk veldig bra å ha oppi eplekaka.
Oppskrifta er til kake i 22 cm form, eg 3 dobbla den til lita langpanne.
Smelt 75 gr kviteseismør. Rør 2 egg (3 viss små) og 2 dl sukker til luftig eggedosis. Rasp av skallet på ei halv sitron og ha oppi. Sikt inn 2.5 dl kveitemjø, 1 ts bakepulver og 0.5 til 1 ts vaniljesukker. Tilsett kviteseismøret som no er blitt litt avkjølt.
Ha dette oppi smurt form med kavring oppå. Ha 3 sure epler i bitar oppå.
Dryss sukker og kanel oppå og steik på 175 gr i 45 minutt.
I dag har eg vore å gått skitur til Frognerseteren, i løypa som låg inni skogen (ikkje hovedtraseen). Det var fint å gå og lite folk. På slutten av turen kom tilogmed sola fram:)

2 kommentarer:

  1. Kor skulle du ha Kviteseidsmøret, sa du?

    SvarSlett
  2. Takk for tipset, godt du var litt meir våken enn når eg laga innlegget:)

    SvarSlett