søndag 14. august 2011

85 års dag

Sist helg feira me bestemor sin 85 års dag på Haaheim gaard på Tysnes. Ein flott plass, god mat og kjekt selskap. Du kan lesa meir om plassen her. Selskapet starta med middag (oksesteik, potet, grønnsaker og ein kjempegod fløytesaus)

Ett av drikkealternativa var hylleblomssaft, utrulig godt.
Til deser, dronning maud puddin og kaffi.
Dei serverte og ein kjempegod peppermynte te, peppermynten blei dyrka på garden og teen blei laga av ferske blad i kokande vatn.


Kakaene hadde me med sjøl, tantes ostekaka, bestemors firkløver kaka, bløtkaka (botn frå bestemor og fylt og pynte av mamma) og suksess kaka som mamma hadde laga.


I tillegg til god mat, hyggelig vertskap var det veldig fint der.

Sjølv på badet var det pynta.




Masse fine blomster og dyr. Den dagen me var der starta dagen med at himlens sluser var åpne, men heldigvis var det opplett etter deseren, så me fekk sjå oss litt rundt og strekka på beia.


Ein veldig kjekk dag og ein flott plass.

1 kommentar:

  1. Jeg burde absolutt kunne si at jeg også har spist der, men så har jeg ikke vært der engang. Til tross for at jeg er ferietysnesjente.

    Bestemoren din bor gjerne på Tysnes hun da..? Det er en nydelig øy.

    SvarSlett