søndag 29. august 2010

Rødbetrundstykker

Når eg våkna i dag, hadde eg ingen planar for dagen. Men etter å ha sjekka yr, bestemte eg meg fort for at dette måtte bli ein inne dag. Og som har utvikla seg til å bli ein "kjøkkendag". Men med fleire oppskrifter eg hadde lyst å prøva ut, er dette blitt ein bra dag.
Eg fant oppskrifta på disse rotfruktbrøda i boka "Brød, fra focaccia til bagels". Men som du ser, er det ikkje brød, og bortsett frå hovedingrediensen rødbet, er det lite som ligna.
Eg hadde dette oppi:
1 pk tørrgjær
5 ss olja
5 dl vatn
5 ss sirup
1 ss hvitvinseddik
1 ss salt
10 dl grovbakst
5 dl kveitemjøl
3 rødbetar
Skrell rødbeten og riv på eit rivgjern
Ha grovbaksten i ei bolle, ha oppi gjæren, salt og lunka vatn og rør det saman. Tilsett olja, sirupen, hvitvinsedikken og mjøl til deigen er smidig å jobba med.
Kna inn rødbeten, tilsett mjøl til deigen er smidig og jobba med igjenn.
Hev deigen i 1 time.
Form rundstykker el av deigen, etterhev i 20 min.
Pensla rundstykka med kaldt vatn, steik på 225 gr i 15 min, eller til dei er ferdige (komme ann på størrelsen).
Avkjøl på rist.
Eg ete frukostblanding til frukost kvar dag, med noken få unntak. Cherrios har lenge stått på menyen, er ok i forhold til sukker og fiber osv. Men blei tipsa om at Puls hadde oppskrift på ein enkel, god og sunn frukostblanding, og den måtte eg jo prøva, og ja den var verdt det. Og her er den:
Og vil du og prøva, finne du oppskrifta her: http://www.nrk.no/mat/1.7035801
No har eg avslutta "kjøkkendagen" med ein god middag, den skal du få lesa om ein anna dag.
No krysse eg fingrane for at yr skal ha rett og det ikkje skal regna etter kl seks, og går meg ein tur.
Ha ein fin søndagskveld!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar