lørdag 21. august 2010

Torsk i tomat og chilisaus

No har eg jobba i to veker, brunfargen frå Malta begynne å forsvinna, det er kaldare ute og det blir tidligare mørkt. Med andre ord, hausten og kvardagen er tilbake. Oppskrifter ein har funne iløpet av sommaren blir prøvd ut og eg lage egne variantar, her er ein av dei (2 porsjonar):

1 boks grovhakka tomater
1 finhakka løk
1 ss olivenolja
2 ts hot chilisaus
2 dl fiskekraft
1 ts basilikum
1 ts persille
salt og pepar
600 gr torsk
Surr løken i olje til den er mjuk. Tilsett tomater, chilisaus og fiskebuljongen. Kok sausen til den er jevn og har tjukna litt. Smak til med salt og pepar og ha i dei friske urtene.
Legg torsken i ei ildfast form, hell sausen over. Steik det på 200 gr i ca 30 min.
Kok fenikkel, gulrot, vårløk og poteter.
Eg hadde potetene i ei panna. I den andre panna starta eg med gullerøttene (skåren i stavar), kokte den i 10 min, hadde oppi fenikkelen og kokte i 5 min og til slutt vårløken.
Men dette variere alt etter som du like grønsakene. Eg har kvitta meg med ei visdomstann og tygge kunn på eine sida, så eg foretrekke gjennomkoktmat for øyeblikket.
I går var eg ute med jobben, hadde avskjedsmiddag for ei som skulle slutta.
Me var på trikkestallen på Torshov. Ein plass eg vil anbefala. God mat, mykje mat for pengane og mange utebord.
God helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar