tirsdag 17. august 2010

Veske

Her er veska eg og mamma laga når eg var heima i sommar. Dvs, eg strikka og tova, mamma hadde tråen, sydde den ferdig og motiverte meg til å starte. Og søster mi lærte meg å hekla blomen. Hadde eg hatt så god hjelp alltid, skulle eg laga mange meir kompliserte prosjekt.
Eg starta med å legga opp 90 masker, og strikka 60 omgongar glattstrikk. På neste omgong strikka eg ei maske, to samen osv. No var eg tom for trå, men ein skulle egentlig gjera dette i 28 omgongar og så fella av. Så sydde eg samen veska i botn og tova den på 60 grader samen med to håndkle og grønnsåpa.
Så starta mamma sin del av jobben. Stryk viselin bakpå tøyet (blå lin). Sy tøyet fast i veska, på vranga. Me hadde dobbelt for at det skulle bli stivt (sidan eg ikkje hadde strikka 28 omgongar etter innfellinga).


Hekla blomen, sy på perler
Og ein liten fines inni; nøkkelkrok inni.
Og vips, her er den ferdig: No gjenstår det å finna ein annledning eg skal pynta med i, slik at får tatt den i bruk.

Trå: 3 nøster cortina
Blom: kitten Mohair

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar